FASTLÅST: Venstre og KrF håpar at Ap skal gje dei ammunisjon til å presse fram ein asylbarnsiger hos Høgre og Frp. Sp og AUF er allereie med på laget.
Det har ikkje vore teikn til endring i den betente asylbarnkonflikten. Venstre og KrF har gjort det klinkande klart for regjeringa at asylbarna som blei sendt ut i perioden Stortinget trudde ein ny asylpolitikk låg til grunn, må få prøvd saka si på nytt. Kjelder i sentrumspartia fortel at det ikkje er reelle forhandlingar, men at dei ventar på eit utspel frå Høgre og Frp.