Du kan bla til neste sideBla med piltastene

• Olje-ekspert spår tusenvis av nye oljejobbar om få år • Uvisse om ungdommen vil til olja

Ser ikkje ei framtid i olja

FORNYBAR: Teknologlinja ved Kuben vidaregåande skule i Oslo har etablert eit samarbeid med olje- og gass-næringa. Andreas Sagen (18) og Aleksander Munkejord (17) er meir freista av grøn teknologi.

JOBB: Oljeanalytikar Jarand Rystad spår tusenvis av nye oljejobbar om berre få år. Fysikkelevane Andreas Sagen og Aleksander Munkejord vil ikkje jobba i olja.

I løpet av året vil truleg fleire oljearbeidarar mista jobben, men om berre få år kjem industrien til å ropa etter arbeidskraft att. Det trur oljeanalytikar Jarand Rystad i analyseselskapet Rystad Energy.