Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Regjeringa utfordrar spelmonopolet:

Gamblar med KrF

KØYRER PÅ: Kulturminister Thorhild Widvey er i ferd med å feie KrF av brettet i nok ei sak. No er det spelmonopolet som er truga. Foto: Anniken C. Mohr

TERNINGEN ER KASTA: I KrF er det stor frustrasjon over at Thorhild Widvey vil spele rulett med Norsk Tippings monopol. – Ryk einerettsmodellen, har vi null kontroll, seier KrFs Geir Bekkevold.

Nok ei sak set samarbeidet mellom KrF og den blåblå regjeringa i spel: Regjeringa vil opne for at fem frivillige organisasjonar skal få drive med pengespel for opptil 1,5 milliardar i året. Fordi dei berre treng støtte frå Venstre for å få fleirtal for liberaliseringa, er KrF i praksis spelt sjakk matt.