Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den greske regjeringa har stor støtte frå folket for krava i forhandlingane med EU:

Søkk med Syrizas skip

Mot kutt: Efi Larentzaki, ei arbeidsledig firebarnsmor, deltek i ein demonstrasjon til støtte for det greske regjeringspartiet Syriza i Aten. foto: Yannis Behrakis, renters/ntb Scanpix

HASTAR: Hellas har knapt med tid for å komme fram til ein avtale med EU. Men den greske regjeringa vil ikkje gå tilbake på krava om nye vilkår for kriselånet frå EU.

Ingen ser ut til å ønskje at Hellas skal gå ut av eurosonen, korkje den greske regjeringa eller dei andre landa i eurosonen. Men dersom ikkje den nyvalde greske Syria-regjeringa blir einig med EU om vilkåra for ei forlenging av kriselånet til Hellas, kan det ende med ein såkalla «Grexit», der Hellas må forlate eurosona.