Den nære framtida er mørk, sett frå LOs side. Denne veka var Fafo-rapporten om den nordiske modellen hovudtema på LO Stats kartellkonferanse. Rapporten viser at særtrekk ved dei nordiske samfunna, som små forskjellar, høg sysselsetting og høg organisasjonsgrad, har vorte kraftig svekt i Norge og Norden dei siste tiåra.
Mykje står på spel for fagrørsla i Norge.