Noko av det fyrste pave Frans tok tak i då han byrja sitt pontifikat, var å kalle saman til ein familiesynode. Forrige veke møttest eit par hundre biskopar og eit knippe lekfolk til ei ekstraordinær generalforsamling, og den avsluttande rapporten viste at av 65 paragrafar som gjekk til avstemming vart 62 vedteke med to tredjedels fleirtal (dei aller fleste med nær einstemmig oppslutning). Dei tre paragrafane det sto strid om gjaldt nattverd for skilte og gjengifte (§ 52-53) og dei homofile sin plass i kyrkja (§ 55). I forslaga som ikkje vart vedteke sto det at desse gruppene ikkje skulle råkast av «urettvis diskriminering». Kva er det eigentlig som ligg til grunn for dei interne brytningane i Den katolske kyrkja?
Endringar i familielivet utfordrar kyrkja og opnar for sunne brytningar.