Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Per Sandberg meiner Noreg må stø kurdarane i kampen mot opprørarane i IS:

Frp vil væpne kurdarane

KURDAR-KAMERAT: Per Sandberg er nestleiar i Framstegspartiet og medlem av Stortingets utanriks- og forsvarskomité. Han ønskjer seg eit fritt Kurdistan i Irak. Foto: Siv Dolmen

NY STAT: Verda bør stø kampen for eit fritt Kurdistan i Irak og væpne kurdarane i kampen mot IS, meiner Per Sandberg. Han møter motbør frå Høgre, men framlegget får støtte frå forskarar.

– Verdssamfunnet har eit felles ansvar for å stoppe dei bestialske overgrepa IS no utfører i Irak. Sjølv David Cameron seier jo at humanitær bistand ikkje er nok, seier Per Sandberg.