Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Slår alarm om kulturminne

UROA: – Det er eit stort fråfall og forfall av kulturminne, men det vert ikkje godt nok prioritert av politikarane, seier generalsekretær i Fortidsminneforeningen, Ola Fjeldheim.

Ingen veit kor mange kulturminne me har i Noreg. Dei skal kartleggjast innan 2020, men det er berre Klima- og miljødepartementet som trur at det vil gå.

Ifølgje Stortinget sine nasjonale mål for kulturminnevern, skal fråfallet av kulturminne minimerast innan 2020. I tillegg skal det liggje føre ei oversikt over verneverdige kulturminne og -miljø i kommunane.