Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kunst av kvinner er sterkt underrepresentert også på offentlege kunstinstitusjonar i Noreg:

Få kvinner på musea òg

Færre og dårlegare betalt: Kunst av kvinner er underrepresenterte ved norske institusjonar, og dei får mindre betalt: Ein kjøper små verk av kvinner og monumentale verk av menn, seier Karin Hindsbo, direktør ved Kunstmuseene i Bergen.

Ikkje berre private galleri har overvekt av kunst lagd av menn. Det gjeld òg offentlege institusjonar. Noko må gjerast, meiner Karin Hindsbo, direktør for KODE i Bergen.

– Musea har eit stort ansvar. At kunstnarane vert innkjøpte og viste fram hos oss, gir dei vidare ein verdi på den private marknaden, seier direktør ved Kunstmuseene i Bergen Kode, Karin Hindsbo.