Du kan bla til neste sideBla med piltastene

• Regjeringa vil ha returavtale for eritreiske asylantar • Går på tvers av FN-råd

Forhandlar om Eritrea-retur

TVANGSRETUR: Statssekretær Himanshu Gulati har nyleg vore i Eritrea for å diskutere returavtale med eritreiske styresmakter. Bileta viser ei uttransportering frå Gardermoen til Pakistan. Foto: Politiets utlendingseining

RETUR: Dei blåblå er i samtalar med Eritrea om returavtale. Blir det avtale, er Noreg det einaste landet i vesten som returnerer flyktningar til det lukka landet.

– Eg har hatt fleire møte med styresmaktene i Eritrea om returproblematikken. Eritrearar er for tida den største asylsøkjargruppa til Noreg, og vi har over 500 utreisepliktige eritrearar i norsk asylmottak. Det er viktig med gode mekanismar for å kunne returnere desse, seier Himanshu Gulati til Klassekampen.