Dei har spela ei veke snart. Er det sport? Er det idrett? Eller er det begge delar? Den drøftinga må me ta no, når halve Noreg ser på kula som går frå mann til mann. Eg skreiv ikkje lêrkula, for eg tvilar sterkt på at det er lêr … At denne fotsparkinga er sport, er det vel i røynda ingen tvil om. Men eg trur at dei fleste kjenner på seg at det ikkje er like opplagt at det er idrett.
Fotball er sport. Men er det idrett?