På gata har noko endra seg i denne meksikanske byen. Greitt nok. Før sa folk at eg absolutt ikkje burde vandre rundt aleine i stroket nær busstasjonen om natta. Eg gjorde det likevel, og det skjedde aldri noko. Men denne gongen er det annleis. Dei seier det meir innstendig, det er meir alvor. Eg bur i eit greitt nok område, men det har eit lugubert rykte. Det var her alle slags figurar på utsida av samfunnet budde i gamle dagar, visstnok til og med leguanjegarane. Det skal godt gjerast å finne ein heiltidstilsett leguanjegar her no, leguanane er etne opp. Men det er ikkje eventuelle leguanjegarar som gjer natta utrygg. Ta drosje, seier venene mine. Ta mototaxi. Berre ikkje gå.
Ein tsunami av vald skyldar inn over landet. På gata i Mexico er det alvor no.