KS vil at lærarane skal jobba meir gratis, slik at kommunane kan spara pengar. Eller så vil dei at kommunane skal spara ved at kvaliteten på undervisinga blir dårlegare. For meg, og alle andre lærarar eg snakkar med, er det ikkje mogleg å sjå forslaget til ny arbeidstidsavtale på nokon annan måte. KS kan gjerne påstå at dette ikkje er intensjonen med forslaget. Men det er ikkje truverdig.
KS vil ha oss til å tru at kvalitet ikkje kostar.