Undersak:

Nei til EU skal jobba tettare med fagrørsla

    Heming Olaussen blei i går valt for tiande gong på rad som leiar for Nei til EU. Han varslar tettare arbeid med fagrørsla framover.

    – Me skal no jobba saman med fagrørsla og utfordra dei direktiv som kjem ifrå EU, seier Olaussen.

    I dag besøker han Fagforbundet sitt landsmøte. Det blir historisk når Nei til EU-leiaren går opp på talarstolen og helsar Fagforbundet-landsmøtet.

    – Det er fyrste gong me er der, og det viser at me satsar saman, seier han.

    På Nei til EU-landsmøtet i helga var Fagforbundet-leiar Jan Davidsen gjest.

    – Alliansen som Nei til EU representerer har klart å snu folket over til å fatte fornuftige vedtak. Vi treng dei breie alliansane for vårt felles samfunn. Kanskje har det aldri vore så viktig som det er no, sa Jan Davidsen til landsmøtet.

    Nei til EU vedtok denne helga at organisasjonen skal jobba for ei folkeavstemming om EØS-avtalen.

    – Det mest radikale forslaget blei nedstemt, men vedtaket, som handlar om folkeavrøysting på lang sikt, har brei støtte, seier Olaussen.

Facebook
Twitter
Digg
Skriv ut

KAMP: SV-leiar Audun Lysbakken er klar for omkamp om EUs datalagringsdirektiv. Venstres Sveinung Rotevatn er klar for å gå i krigen.

EØS

Over to år er gått sidan Arbeidarpartiet og Høgre fann saman og fekk fleirtal for å ta EUs datalagringsdirektiv inn i norsk lov.

– Mykje har skjedd. Det eine er den massive overvåkingsskandalen. Det andre eit aldri så lite opprør mot direktivet i EU, seier Lysbakken.

EU-domstolen har no direktivet på sitt bord, og kan komma til å konkludera med at direktivet er ulovleg. Lysbakken meiner at uansett kva EU-domstolen endar med, er det behov for ei ny grundig vurdering i Noreg.

Han får støtte frå Venstres Sveinung Rotevatn.

– Stortinget har rett nok vedteke direktivet, men det er betydeleg motstand både i Stortinget og i folket. Me er definitivt klare for ny kamp, seier Rotevatn.

– Me skal vinna denne krigen, seier han.

Fakta:
  • Direktiv frå EU:

    • EUs datalagringsdirektiv (DLD) blei vedtatt i EU i 2006, som ein reaksjon mot terrorangrepa i New York, London og Madrid.

    • Direktivet krev lagring av opplysningar om kvar enkelte sin bruk av telefon, e-post og internettsøk.

    • Arbeidarpartiet og Høgre fekk fleirtal for DLD i 2011.

    • EUs tredje postdirektiv vil opna for full konkurranse om all brevpost. Den nye regjeringa vil ta direktivet inn i norsk lov.


Ønsker ny brei kamp

Framstegspartiet, som også har vore mot direktivet, sit med begge statsrådane som har ansvaret for å gjennomføra datalagringsdirektivet: samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen og justisminister Anders Anundsen.

– Eg forventar at statsrådane gjer noko for at det blir ein omkamp. Eg håpar at dei utfordrar Høgre på ei reell ny vurdering, seier Lysbakken.

Rotevatn er einig.

– Eg går frå at Frp står for sine standpunkt, og at ikkje statsrådane gløder for å gjennomføra direktivet, seier han.

Frps Åse Michaelsen, som før har sete i justiskomiteen og no sit i kommunikasjonskomiteen på Stortinget, seier ho ønsker at alle nye moment må vurderast. Ho peiker både på EU-dommen og Snowden-avsløringane.

– Frp som har vore motstandar mot datalagringsdirektivet, vil de no ta ein kamp i regjeringa?

– No sit eg i Stortinget. Og så må ein hugsa at me no har ei mindretalsregjering og at Frp er det minste partiet i regjeringa. Men alle fakta må på bordet, seier ho.


– Tøffare grasrot

Det er ikkje berre datalagringsdirektivet SV-leiar Lysbakken er uroa for.

I helga var han på Nei til EU sitt landsmøte. Der mana han til ein tøffare grasrotkamp.

– Dei neste åra kjem me til å trenga tøff grasrotorganisering for å greia å unngå at Noreg aktivt abonnerer på alle direktiv som kjem frå EU. Eg fryktar at fleire av dei direktiva som den førre regjeringa uttrykte skepsis til, kan bli passivt akseptert, seier Lysbakken.

Han varslar at SV planlegg ein offensiv i EU-spørsmål i veka som kjem, og har bedt finansminister Siv Jensen og europaminister Vidar Helgesen stilla i Stortingets spørjetime på onsdag. Der må dei svara på kva konsekvensar ei innføring av postdirektivet vil ha, og kva Noreg vil gjera for å sikra bankgaranti-ordninga.

– Det eg er redd for er at den nye europaministeren ikkje blir ein forsvarar, men ein postkasse for Brussel sine direktiv, seier Lysbakken.

– Me veit at regjeringa har eit anna syn i mange saker. Det er ærleg. Men det grunnleggande er kven som skal bestemma.

No fryktar han at Postdirektivet vil gli rett inn i norsk lov, utan ei skikkeleg konsekvensutgreiing.


Datalagring frå 2015

EU vedtok datalagringsdirektivet i 2006, som vil vil bety at norske myndigheiter skal lagra opplysningar om kor og når den enkelte bruker mobiltelefon, sender e-post eller søker på nettet.

Før helga svarte samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen på eit spørsmål frå SV om direktivet. Solvik-Olsen skriv at sjølv om EU-dommen er venta å komma i februar, formelt ikkje har innverknad på norsk regelverk, meiner han at «ein bør venta resultatet av denne dommen før ein fremjar forslag om fordeling av kostnader med lagringsplikta etter datalagringsdirektivet, og med det vert iverksetjinga av datalagringsreglane utsett».

Lysbakken håpar det betyr at bremsen no er på.

– Dette svaret er litt uklart, men det går an å lesa det som at regjeringa vil venta, seier Lysbakken.

Den raudgrøne regjeringa fekk plass ei rekke regelendringar som er naudsynte før lagringa av data kan starta her til lands. Det som står att er i hovudsak reglar om fordeling av kostnader.

I svaret frå Solvik-Olsen går det fram at regjeringa arbeidar for at å fremja dei siste naudsynte regelendringane til våren, og at dei kan tre i kraft 1. juli neste år. Regjeringa tar sikte på at lagringsplikta skal gjelda frå 1. juli 2015.

Det lukkast ikkje Klassekampen å få ein kommentar av Solvik-Olsen i går. Politisk rådgjevar Reynir Johannesson i Samferdsledepartementet viser til svaret Solvik-Olsen har gitt, og legg til at «vi sjølvsagt følger utviklinga i EU».

anneh@klassekampen.no


Mandag 22. september 2014
SKJULT: 60 år etter en av norgeshistoriens mest omstridte spiondommer tviholder fremdeles PST på etterforskningsdokumentene.
Lørdag 20. september 2014
BREMS: Big business setter kjepper i hjulene for klimatiltak som virker, skriver Naomi Klein i sin nye bok. Da Støre åpnet for å la olja ligge måtte han ut og klemme på en oljeplattform.
Fredag 19. september 2014
BORTE VEKK: SV var de eneste som protestere mot en norsk militær deltakelse i Irak da regjeringen la saken fram for Stortinget i går. Krigsskeptikerne i Sp og MDG stilte ikke opp på møtet.
Torsdag 18. september 2014
KRIG: Utenriksminister Børge Brende varsler at Stortinget skal få oversikt over hvordan Norge kan delta i krigen mot IS i Irak.
Onsdag 17. september 2014
PÅ TOPPEN: Gjennom tre år har danske forskere kartlagt landets maktelite. Næringslivet dominerer, men også fagbevegelsen er mer innflytelsesrik enn politikerne i en nordisk velferdsstat.
Tirsdag 16. september 2014
UENIG: Statsminister Erna Solberg fortviler over Sverigedemokraternas brakvalg. Men i Frp tar flere topper til orde for å reinvaske det kontroversielle partiet.
Mandag 15. september 2014
TRANGT: Etter at husleia er betalt, har politistudent Eira Skotland 2500 kroner i måneden å leve for. Nå krever politistudentene lønn i praksisåret.
Lørdag 13. september 2014
TETT: Aps popularitet i hovedstaden bykser etter meldingen om at Raymond Johansen blir partiets frontfigur i neste års valg. – Gledelig og inspirerende, sier Johansen om knalltallene.
Fredag 12. september 2014
NULL: Selv om Frp styrer asylpolitikken, har UDI ingen tro på at det vil komme færre asylsøkere til Norge. I tillegg forventer UDI at en høyere andel av dem som søker får opphold.
Torsdag 11. september 2014
SPLID: På høyreekstreme nettsider og sosiale medier hersker full ordkrig om hvilken side som har rett i Ukraina-­krigen. En svensk fremmedkriger ­driver aktiv rekruttering på Twitter.
­

TV-guiden er levert av TimeFor.TV

TV-guide

­
­