Sjølv om katolikken Sigrid Undset såg ned på nordisk lutheranisme, var det takk vere henne at eg saman med to fromme venninner haika til Finland for å vera med på eit kristeleg studentstemne. Eg sat pent på stolen time etter time gjennom preiker, foredrag og gruppesamtalar mens eg prøvde å finna meining i alle dei intense og insisterande orda som flaut omkring i rommet. Å innrømma at eg var eit armt og syndig menneske, var i alle fall ikkje vanskeleg. Kjærleikslivet mitt var det eine havariet etter det andre, og eg kjende ei vond lyst i hjartet til å la det gå ut over han som eg nettopp var komen saman med, ein torn i kjøtet som måtte rivast ut med anger og bønn.
Læring handlar om å akseptera ting som ikkje heng i hop.