DYRT: Rekninga for Høgres vegsatsing kjem på bordet rundt 2020, med nesten sju milliardar i året i 20 år, viser utrekningar i Samferdelsdepartementet. - Høgre vil stikke av frå rekninga, seier samferdselsminister Marit Arnstad.
Ordstriden mellom regjeringa og Høgre om finansieringa av store samferdselsprosjekt kvessar seg til når samferdselsministeren no skuldar Høgre for å overlate regninga for enorme samferdselsinvesteringar til seinare regjeringar.