Dagens leder
* Ja-sida går fram på dagens meiningsmåling om norsk EU-medlemskap, og oppnår sitt beste resultat sidan mai 2011. Men Heming Olaussen og dei andre i Nei til EU ligg ikkje vakne og nervøse om natta av at ja-sida no har støtte frå 20 prosent av folket, så lenge 69 prosent framleis vil stemme nei. Spørsmålet om norsk EU-medlemskap er stein dødt i norsk politikk, og slik vil det også vera dei neste fire åra, sjølv om EU-entusiastane i Høgre skulle få regjeringsmakt. Dei mest optimistiske norske EU-tilhengarane har i årevis håpa på drahjelp frå Island. Men no feier nei-vinden over sagaøya, og den nye regjeringa vil truleg trekke EU-søknaden.