Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Demokrati?

Dagens leder

  • Halvanna veke før kvinnedagen 8. mars er det ei sak som har vekt merksemd - vedtaket frå parolemøtet i 8. mars-komiteen i Oslo om å leggje ned Pro Sentret, lågterskeltilbodet for prostituerte. Dette skjedde etter framlegg frå kvinnegruppa Ottar, og parolen fekk fleirtal på eit møte med 18 deltakarar. Vedtaket møter ein storm av kritikk frå andre organisasjonar som er med i komiteen, som Oslo-avdelinga av det viktige kvinneforbundet Norsk Sykepleierforbund. Ein respektert veteran i kvinnerørsla som Krisesentersekretariatets leiar Tove Smaadahl, seier ho vil halde seg heime 8. mars dersom parolen ikkje blir omgjort. Det blir ho neppe aleine om.