Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 17. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120515
Innenriks
Lørdag 5. november, 2011
- Må ha mindre sjølvstyre
STRENG: Utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) på den greske landsbygda saman med sin greske kollega Stavros Lambrinidis. FOTO: BERIT ROALD, SCANPIX

- Må ha mindre sjølvstyre

Lørdag 5. november, 2011

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
MOT STRAUMEN: Midt i masseopptøyene mot EUs kuttpolitikk meiner utanriksminister Jonas Gahr Støre at unionen må få meir makt.

land som er så ulike som EU-landa, som har så ulik produktivitet, så ulik handelsbalanse, så ulik innstilling til arbeid, trur eg ikkje det er nokon veg utanom å lage meir forpliktande mekanismar. Det må vere kraft bak krava, slår utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) fast.

EU slapp Hellas inn i eurosamarbeidet, men kunne ikkje hindre at landet sølte bort pengar og triksa med rekneskapen. Det vil utanriksministeren ha ein slutt på. Han trur EU-landa i framtida må gje frå seg meir makt over den økonomiske politikken til Brussel.

- Politiske fråsegn frå regjeringssjefar er ikkje nok til å sikre disiplinen som krevjast. Det har utviklinga vist, seier til Klassekampen.

EU-finansdepartement?

Standpunktet er ikkje ukontroversielt: I Hellas er det kontinuerlege opptøyar mot kutta EU krev for å låne landet pengar. I Tyskland er det store fleirtalet svært negative for å betale fleire av pengane søreuropearane har tulla bort.

Nyleg heldt EUs krisefond EFSF på å strande i det slovakiske parlamentet, og nyleg skapte den greske statsministeren Papandreou panikk hos EU-leiarane då han lufta at folket skulle få røyste over den siste redningspakka.

- Syner ikkje demonstrasjonane mot «redningspakkene» at EU har eit legitimitetsproblem?

- Det viser at EU har ein alvorleg feil. EU skal både forvalte veldig integrerte felleskapsaffærer, som euroen, samstundes skal kvart land ordne opp for seg. Det prosjektet er avhengig av at legitimiteten i orden i alle statar. Tillitssvikten ein ser no er urovekkjande, men dei fleste tyskarar og grekarar er positive til EU. Mange av dei greske problema kan ein korkje skulde på EU eller euroen, meiner Støre.

Utanriksministeren vil likevel ikkje velte all skuld på dei gjeldsramma landa: Dei mektige eurolanda må ta sin del av ansvaret.

Då EU vedtok stabilitetspakten i 2003, for å hindre at statane tok opp for mykje gjeld, braut Tyskland og Frankrike reglane kort tid etter.

- Mange statsleiarar fortel meg at det var det psykologiske vasskiljet, signalet leiarane i kjernen av EU sendte ut då.

Hell i uhell

Ting kan tyde på at den tyske finansministeren Wolfgang Schäuble kunne nikka ivrig til Støres ønske om meir overnasjonalitet: Førre veke bad han EU opprette eitt finansdepartement for å styre pengebruken i heile EU.

Sjølv om eurolanda har ein valuta og får renta bestemt i Frankfurt, er det framleis opp til parlamentet i kvart medlemsland å regulere inntekter og utgifter i statsbudsjettet.

- Du seier makta må sentraliserast for å berge valutaen. Vil du at EU-landa skal berge euroen?

- Eg støtter EU som prosjekt. Unionen, med sitt overnasjonale preg, er sett saman nett for å hindre at eitt land kunne velte semja i resten av landa. Eurosamarbeidet er enno ikkje der, men krisa kan tvinge fram betre samordning.

- Så det kan komme noko godt ut av krisa, slik du ser det?

- Det kan komme eit gjennombrot. Men det vert ikkje nokon enkel jobb for statsleiarane i kvart land å sosialisere tapa uansett. Å lage planar for å kutte i underskott og redusere gjeld i land som har etablert velferdsstat og velferdsrettar er svært krevjande, avsluttar Støre.

- EU er ikkje eit demokrati

Spenninga er stor for kva EU-leiarane skal gjere for å hindre at dei langt større landa Italia og Spania skal verte insolvente, altså ikkje greie å betale renter og avdrag. Uroa auka då den tyske forfatningsdomstolen kravde at statsminister Angela Merkel ikkje får vedta nye krisepakker sjølv. Frå no av må dei folkevalde støtte pakkene.

Professor Erik Oddvar Eriksen er leiar for Arena, Universitetet i Oslos senter for europastudie.

- Er EU redd for demokrati?

- EU er ikkje noko demokrati, slår Eriksen fast.

- Norsk presse har skildra EU som eit skjebnefellesskap, men i realiteten er det eit tvangsfellesskap. EU-landa har gjeve frå seg suverenitet i grunnlovene sine og har godteke at dei måtte gå over til euro.

Eriksen er samd med Støre: Problemet er at medlemslanda framleis får rå for mykje i eige hus.

- Så no har EU valet mellom å stramme til makta eller sjå euroen rakne i kantane?

- Jau, dei treng ein variant av «The United Nations of Europe». Å gå ut av euroen vil vere eit prestisjenederlag.

Innenriks
Onsdag 16. mai, 2012
Bøndenes priser raser

Bøndenes priser raser

NEDGANG: På 25 år har prisene på bøndenes varer gått kraftig ned, viser ferske tall. - Forbrukerne får ikke billigere mat, men matvarekjedene blir sittende igjen med fortjenesten, sier landbruksøkonom Ola Flaten.
Utenriks
Onsdag 16. mai, 2012
Haiti vender seg mot sør

Haiti vender seg mot sør

NYE VENNER: Mens flere hjelpeorganisasjoner forlater Haiti etter bare to år, knytter Haiti tettere bånd med landene i den radikale Alba-
Kultur & medier
Onsdag 16. mai, 2012
En lavmælt integrasjon

En lavmælt integrasjon

I kampen om kulturkronene er biblioteket ofte den store taperen. Men på landets folkebiblioteker foregår noe av landets viktigste integrasjonsarbeid, viser flere forskningsprosjekter.
Dagens leder
Onsdag 16. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ja, vi elter

Ja, vi elter

Dagens leder
Powered by eonBIT