Facebook
Twitter
Digg
Skriv ut
For dyrt: Statoil vil avslutte drifta av hydrogenstasjonane sine etter 2012. Bilselskapa fortvilar: Snart har dei bilane klare, men på grunn av Statoil kan dei stå utan pumpe­stasjonar.

«Hydrogen har potensial til å bli en viktig energibærer i fremtiden. Derfor bruker vi tid, krefter og ressurser på å drive forretningsutvikling og forskning omkring hydrogen», skriv Statoil ASA på sine nettsider.


No må nettsidene oppdaterast: Etter 2012 vil Statoil kvitte seg med alle hydrogenpumpestasjonane sine. Sidan det er Statoil som driv alle pumpestasjonane frå Stavanger til Oslo, står dimed den einaste hydrogenstrekninga i Noreg i fare.


- Vi er i ein fase kor vi vurderer om andre eigarar kan overta, stadfestar Morten Eek, informasjonssjef i Statoil ASA.


Hydrogenstasjonane som vert råka ligg i Stavanger, Porsgrunn, Drammen og Oslo.


Bilselskapa rasar


Eek meiner hydrogen er for lite lønsamt til å forsvare vidare drift.


- Slik Statoil ser det er det enno ei god stund til at hydrogen vert kommersielt levedyktig i eit marknadsperspektiv. Vi har tidlegare skilt ut stasjonsdrifta i eit eige, børsnotert selskap og vedtok i år å spisse fornybarsatsinga vår mot havvind, fortel Eek.


Produsentane av hydrogenbilar er ikkje blide: Det er først no dei byrjar få konkurransedyktige hydrogenbilar klare, og så må dei sjå på at infrastrukturen kan forsvinne.


- Daimler i Tyskland er svært skuffa og overraska over at Statoil vil trekkje seg ut, seier Johnny Danielsen, direktør for personbilar i Mercedes-Benz Norge, ein del av importørfirmaet Bertel O. Steen.


Han fortel stolt at medan Toyota satsar på å ha ein prisfornuftig hydrogenbil klar i 2015, skal Mercedes ha det i 2014.


Til Klassekampen seier Danielsen det same som Toyota og Mazda: Statoils snuoperasjon set Noregs framtid som føregangsland i fare.


- Vi i Noreg kjempa i to-tre år for å få verte eitt av tre land kor Mercedes skulle teste ut bilane sine. No har eg ti bilar klare, men risikerer at Statoil stenger Økern stasjon og set heile prosjektet i fare.


Lite interesse for å ta over


Statoil vil ikkje seie om det finst private som er interesserte i å overta drifta.


I 2003 etablerte Statoil, Hydro, lokale styresmakter, Sintef og miljøstiftinga Zero prosjektet HyNor, som administrerer prestisjeprosjektet Hydrogenvegen mellom Stavanger og Oslo.


Styreleiar Bjørn Simonsen i HyNor meiner det er svært uklart kven som skulle kunne ta over etter Statoil.


- Det er berre Shell og Total att blant oljeselskapa som har ei uttalt satsing på hydrogen. I starten av prosjektet hadde vi ein dialog med Shell, men dei satsar i Tyskland og California og det er det. Det statlege straumselskapet Statkraft står fram som mest aktuell.


- Har Statkraft meldt si interesse?


- Nei, men dei følgjer med. Eit alternativ kunne vore om regjeringa gjennom til dømes Samferdsledepartementet gjekk inn og bygde ein statleg driftsorganisasjon.


Noreg var satsingsland


Den raudgrøne regjeringa har satsa på hydrogeninfrastruktur med brask og bram. Økern stasjon vart opna av sjølvaste kronprins Haakon, eit tresifra millionbeløp av skattepengane sett inn til å hjelpe Statoil og HyNor å etablere Hydrogenveg-prosjektet.


- Noreg har i det heile vore landet å satse på, seier Hauk Eirik Jensen, salssjef i Mazda Norge.


Dei raudgrøne har etablert svært gode skattevilkår for hydrogenbilar: Dei er friteke for eingongsavgift, betalar symbolsk årsavgift og null bompengar, i tillegg til at du kan køyre i kollektivfeltet og parkere gratis.


Saman med Statoil-stasjonane og lett tilgang på fornybar vasskraft har det gjort Noreg til eit føregangsland. No tvilar bilselskapa på framtida.


- Det vil heilt klart verte vanskelegare å satse på Noreg utan Statoils infrastruktur, seier Jensen i Mazda.


Per Løken, miljøsjef i Toyota Norge, er samd.


- Framover vil vi fokusere utprøvinga vår i Tyskland, men òg i Norden. Framtida i Noreg er uklar. Om det framleis finst pumpestasjonar i 2015 satsar vi på å levere hydrogenbilar gjennom forhandlarane våre, men vi får sjå, uttalar Løken.


- Regjeringa må på banen


No ventar billeverandørane, HyNor og miljøorganisasjonane at staten tek grep for å berge det norske fotfestet.


- Dersom Regjeringa meiner at nullutsleppsteknologi er viktig, er det dei som må ta ansvar for at infrastrukturen skal overleve før den nasjonale industrien kjem på banen igjen, meiner Bjørn Simonsen i HyNor.


- Vi har notert oss den raudgrøne regjeringa sitt snakk om satsing på alternativ energi. Staten kunne gje tilskott til ein ny kjøpar, eller etablert ein eigen organisasjon. Det handlar om å komme over kneika til bilane er her, seier Danielsen.


Tyske styresmakter og industri har eit tiårig hydrogenprogram på totalt 1,4 milliardar euro.


Tirsdag 23. september 2014
NEI TAKK: No kan kampen om kontantstøtta på ny kome opp i Ap. – Dei borgarlege er best på å drive borgarleg politikk, seier tidlegare likestillingsminister Grete Berget.
Mandag 22. september 2014
SKJULT: 60 år etter en av norgeshistoriens mest omstridte spiondommer tviholder fremdeles PST på etterforskningsdokumentene.
Lørdag 20. september 2014
BREMS: Big business setter kjepper i hjulene for klimatiltak som virker, skriver Naomi Klein i sin nye bok. Da Støre åpnet for å la olja ligge måtte han ut og klemme på en oljeplattform.
Fredag 19. september 2014
BORTE VEKK: SV var de eneste som protestere mot en norsk militær deltakelse i Irak da regjeringen la saken fram for Stortinget i går. Krigsskeptikerne i Sp og MDG stilte ikke opp på møtet.
Torsdag 18. september 2014
KRIG: Utenriksminister Børge Brende varsler at Stortinget skal få oversikt over hvordan Norge kan delta i krigen mot IS i Irak.
Onsdag 17. september 2014
PÅ TOPPEN: Gjennom tre år har danske forskere kartlagt landets maktelite. Næringslivet dominerer, men også fagbevegelsen er mer innflytelsesrik enn politikerne i en nordisk velferdsstat.
Tirsdag 16. september 2014
UENIG: Statsminister Erna Solberg fortviler over Sverigedemokraternas brakvalg. Men i Frp tar flere topper til orde for å reinvaske det kontroversielle partiet.
Mandag 15. september 2014
TRANGT: Etter at husleia er betalt, har politistudent Eira Skotland 2500 kroner i måneden å leve for. Nå krever politistudentene lønn i praksisåret.
Lørdag 13. september 2014
TETT: Aps popularitet i hovedstaden bykser etter meldingen om at Raymond Johansen blir partiets frontfigur i neste års valg. – Gledelig og inspirerende, sier Johansen om knalltallene.
Fredag 12. september 2014
NULL: Selv om Frp styrer asylpolitikken, har UDI ingen tro på at det vil komme færre asylsøkere til Norge. I tillegg forventer UDI at en høyere andel av dem som søker får opphold.
­

TV-guiden er levert av TimeFor.TV

TV-guide

­
­