Dagens leder
Endeleg skjedde det: Rating-byrået Standard & Poors ser ikkje lenger amerikanske statspapir som botnsolide investeringar. Fredag justerte dei USAs statsobligasjonar ned frå AAA til AA+. I klartekst: Låner du pengar til den amerikanske staten, er det ikkje garantert at du får pengane att. Den amerikanske staten har 14,6 billionar dollar, nesten 100 prosent av brutto nasjonalprodukt, i gjeld. Dei er ikkje så langt frå Hellas, Irland og dei andre gjeldstynga europeiske landa. Dessutan er den amerikanske økonomien deprimert, så det kan ta lang tid å verte kvitt gjelda.