
Nådelaust oppgjer med SV
Onsdag 25. mai, 2011
Det vekte oppsikt langt opp i partileiinga då Klassekampen kunne melde at SV-veteranen Tore Linné Eriksen har gått ut av partiet, etter å ha vore medlem sidan oppstarten i 1961.
Andre med lang fartstid i det sosialistiske partiet har spurt seg kvifor.
- Om det berre var slik at SV ikkje hadde greidd å styre landet i riktig retning raskt nok, kunne eg synt «revolusjonært tålmod». Men med SV i regjering har Noreg med raske skritt vorte endå meir av ein miljøversting, ein imperialistisk pådrivar og ein krigsnasjon, seier Eriksen til Klassekampen.
- Store endringar må til
Han retter ei lang liste skuldingar mot partileiinga:
* Utviklingsminister Erik Solheim er for tett knytt til vestlege land, næringsinteressene og miljøpolitikken deira (sjå side 10 til 12).
* SV-leiar Kristin Halvorsen var som finansminister meir interessert i å berge kapitalismen gjennom finanskrisa enn å utfordre han.
* Leiinga har marginalisert radikale fagfolk og grasrota, og omgjer seg heller med eit korps lojale rådgjevarar.
- Hadde dei hatt ideologien i ryggmargen, ville dei sett at Nato ikkje er noko hjelpekorps i Libya, at den globale finanskrisa ikkje var eit lite dupp i avkastninga på oljefondet og at IMF ikkje er nokon hjelpeorganisasjon, erklærer Eriksen.
- Skulle partiet verte meir slik du ønskjer det, måtte Halvorsen og Solheim gått av?
- Ja. Dei har eit anna mål for partiet enn eg har - å halde på regjeringsposten og hindre at Ap vert endå litt verre. Det er i det heile problematisk at Solheim, som aldri ville hatt nubbesjans til å verte nominert i 2001, får stå opp att som minister og stake ut kursen i viktige spørsmål.
Starta før 2005
SV-arar har tidlegare vore misnøgde med kompromissa SV har gått med på i regjeringssamarbeidet med Ap og Sp. Den norske deltakinga i okkupasjonen av Afghanistan har vore tung å svelgje, det same har gasskraftutbygging og Statoils oljesandprosjekt.
Seint i januar trakk leiaren av Oslo SVs internasjonale gruppe seg i protest mot bombinga av Libya, saman med åtte andre partimedlemmer.
Eriksen var blant dei som støtta regjeringsdeltakinga i 2005, eit standpunkt han held fast på. Slik han ser det, starta «forfallet» i partiet lenge før:
- Eg såg det då eg melde Frank Rossavik si bok om SVs historie i Ny Tid. Der ser ein kor hardt leiinga dei siste 20 åra har jobba for å marginalisere kritiske røyster. Difor har eg ikkje noko tru på opprør nedanfrå i partiet. Slik det er no gjer regjeringa eit vedtak, så tek SV-toppane det ned til partiet og så vert det eit lojalitetsspørsmål om ein støttar politikken.
Etter å ha fjerna seg frå partiet sidan tidleg 1980-tal, og heller arbeidd aktivt i mellom anna Nei til EU, Attac og Utviklingsfondet, freista Eriksen involvere seg i SV etter brakvalet i 2005. Han vart skuffa.
- Eg fekk Internasjonalt utval til å spørje Solheim om han kunne starte ei utgreiing om radikale alternativ til den nyliberale utviklingspolitikken. Han sette inn folk som var greie, men som mangla erfaring og kompetanse. Til å leie det sette han den borgarlege KrF-politikaren Gunstein Instefjord. Etter det torde eg ikkje ta fleire slike initiativ. Vi bad om brød, men fekk kasta steinar på oss, seier Eriksen.
Ifølgje han er det lettare å gje slepp på ungdomskjærleiken til partiet, «når det ikkje har vore nokon intimitet i forholdet på 35 år».
- Dette er ikkje noko politisk sjølvmordsbrev. Politisk er eg ikkje arbeidslaus, seier Eriksen lurt.
Stemmer Raudt
Eriksen strekar under at han har stor respekt for andre radikale SV-arar som framleis vil stå i partiet.
Han legg heller ikkje skjul på at til kommunevalet vil han stemme Raudt, for å hjelpe sin gamle ven og SV-avhopparen Reza Rezaee i kampen om ordførarvervet.
- Kjem du til å melde deg inn i Raudt?
- Nei, er Eriksens knappe kommentar.










