
Vil internera og isolera asylsøkjarar
Fredag 13. august, 2010
Opptøyane på Lier og Fagerli ventemottak har førd til strengare asylretorikk frå myndigheitene.
No opnar UDI for å internera og isolera «vanskelege» asylsøkjarar som har fått endeleg avslag på asylsøknad.
«Sender eit signal»
- Me ønskjer å internera dei asylsøkjarane som er mest valdelege. Det gjeld å få dei ut av sirkulasjon, seier Ida Børresen, direktør ved UDI.
Ho seier at situasjonen er ekstraordinær etter opptøyar og brannstifting ved dei to ventemottaka Lier og Fagerli i juli.
- Det har vore ein dramatisk sommar, og me er komen i ein situasjon som er vanskeleg å handtera. Urostiftarane frå ventemottaka har halde fram bråket sitt på dei mottaka som dei er flytta til, seier Børresen.
Ho fremjar no forslag til Justisdepartementet om å internera asylsøkjarane som utfører valdelege handlingar.
- Me ønskjer eit lukka senter for asylsøkjarar med endeleg avslag som utfører alvorlege kriminelle handlingar. Til det trengst det ein heimel i utlendingslova som kan setja domstolane i stand til å idømma internering. Slik sender me signal om at kriminelle handlingar ikkje løner seg, seier Børresen.
Internering inntil 1,5 år
- Vil ikkje kriminelle handlingar fangast opp av det ordinære rettssystemet?
- Ofte vil ikkje desse handlingane føre til at ein får særleg lang fengselsstraff. Dessutan ser me at dei høge krava til bevisførsel gjer at ikkje alle blir straffa, som til dømes ved brannstiftinga ved Lier ventemottak. Den blei etterforska som mordbrann, men er komplisert grunna mangel på prov, seier Børresen.
Ho meiner internering kan skje innanfor prinsippa til rettsstaten.
- Internering er sjølvsagt ikkje uproblematisk, og det er ikkje noko me kan gjera med personar i all æve. Den europeiske menneskerettskonvensjonen regulerer kor lenge folk kan internerast, og Noreg vil sjølvsagt følgje desse reglane, seier Børresen. EMK skal ifølgje Børresen opna for internering i inntil 1,5 år.
Isolasjon eit alternativ
Børresen meiner internering skil seg frå vanleg straff, ved at interneringa tek slutt med det same asylsøkjaren samarbeider om eigen retur.
- Eg ønskjer også ei mogelegheit for å isolera asylsøkjarar som viser aggresjon og kjem med truslar. Då ser eg for meg mindre mottak plassert langt vekke frå folk. Bebuarane står fritt til å gå ut og inn, men er under strengt vakthald. Slik blir dei isolert ifrå den store gruppa asylsøkjarar som ikkje gjer seg skuldig i kriminelle handlingar, seier Børresen.
Sjølvskading
Onsdag omtala Klassekampen ein rapport som i sterke ordlag kritiserte forholda ved dei to ventemottaka Lier og Fagerli. Kritikken er basert på anonymiserte intervju gjort med bebuarane. Dei fortalde om ein kvardag prega av manglande helsehjelp, sjølvskading og uprofesjonelle tilsette.
Ventemottaka er drifta av private, men Justisdepartementet har øvste ansvar for dei.
- Me tek ikkje sjølvkritikk. Påstandane som rapporten kjem med, har me høyrt lenge. Dei er basert på innvendingar som bebuarane har, og korleis dei har oppfatta situasjonen, seier Pål Lønseth, statssekretær for justisminister Knut Storberget.
- Mange av bebuarane fortalde om sjølvskading. Tyder ikkje det på psykisk sjukdom, noko som ifølgje UDI sitt regelverk skal føra til at dei blir plassert på vanlege mottak?
- Det å skade seg sjølv er ikkje det same som ein psykisk diagnose. Eg forventar at mottaka har vurdert situasjonen og meld frå til UDI om dei var uroa over tilstanden til nokon av bebuarane, seier Lønseth.
Ny mottaksstruktur
Justisdepartementet varslar no endringar i mottaksstrukturen. Ventemottak skal erstattast med såkalla utreisesenter. Eit av utreisesentera skal ha færre plassar, meir bemanning og meir kontrollmekanismar.
- Me endrar innhaldet såpass mykje at det er naturleg med eit namnebytet, seier Lønseth. Nedbrende Fagerli mottak skal byggjast opp att som eit utreisesenter, målet er at det skal stå ferdig innan utgangen av 2010.
- Korleis blir standarden på utreisesenteret?
- Det er ikkje eit mål i seg sjølv at det skal vera dårlege forhold på mottaket. Forskjellen er at utreisesentera vil ha eit anna innhald, med meir fokus på returfremjande tiltak, seier Lønseth.
6000 skal ut
Eit at tiltaka er å styrkja og utvida returprogrammet «heim i verdighet» som gjev økonomisk kompensasjon og fagopplæring til dei som samarbeider om retur.
- Me ser jo helst sett at alle som returnerer, gjer det frivillig, seier Lønseth.
Justisdepartementet har som mål å returnera 6000 asylsøkjarar i løpet av 2010. Førebels har 3500 returnert, 600 av desse reiste frivillig.
- 6000 er eit mål, men om det blir over oppfylt, er det berre fint, seier Lønseth.
Han varslar tvangsretur av alle som stod bak opptøyane på Lier og Fagerli ventemottak. Til no er fire personar tvangs returnert tilbake til Irak.










