
«Mental tortur»
Onsdag 11. august, 2010
«Levestandarden er låg etter norske forhold. Fire vaksne menn deler eit rom på 5 gonger 6 meter» står det i rapporten. Den inneheld fleire sitat frå bebuarane, som fortel folk som skadar seg sjølv, mangel på legehjelp og tilsette som opptrer uprofesjonelt. Fleire stader blir ventemottaka omtala som «senter for mental tortur» av bebuarane.
Ingen politisk respons
Dette er noko av det som kjem fram i ein skuggerapport om rasisme og diskriminering. Antirasistisk senter har laga rapporten i samarbeid med ulike frivillige organisasjonar som Advokatforeningen, Amnesty International og Norsk Folkehjelp.
- Me har ikkje fått tilbakemelding frå politikarar på rapporten. Det overraskar ikkje, asylpolitikken er ingen stemmevinnar, seier leiar for Antirasistisk senter, Kari Helene Partapuoli. Ho leverte skuggerapporten til likestillingsminister Audun Lysbakken i juni i år. Skuggerapporten er laga for å utfylla Noreg sin offisielle rapport om rasisme og diskriminering. Begge rapportane er send til FN sin rasediskrimineringskomitè.
Lysbakken er no på ferie, og det har ikkje lukkast Klassekampen å få ein kommentar frå han.
Låg levestandard
Rapporten kjem med sterk kritikk av ventemottaka, som er eit frivillig butilbod for asylsøkjarar som har fått endeleg avslag på asylsøknad.
- Ansvarleg for innsamling av sitata er ein av praktikantane våre. Han er sjølv tidlegare asylsøkjar og har intervjua rundt 35 bebuarar. Intervjua var grundige, og gjekk ofte godt over ein time, seier Kari Helene Partapuoli. Ho meiner rapporten gjev eit godt bilete av korleis bebuarane opplevde situasjonen på ventemottaka.
- Eg har vore fleire gonger på mottaka, og kjenner igjen skildringane og problema rapporten tek opp, seier Partapuoli.
Roser dei tilsette
Hallstein Saunes er leiar for Link AS som drifta Lier ventemottak. I ein e-post til Klassekampen roser Saunes personalet for jobben dei har gjort på Lier, og viser til at UDI gjennomfører årlege tilsyn med mottaket.
- Me er ikkje ukjende med at frustrasjon over endeleg avslag gjev uttrykk i misnøye med ventemottaket som butilbod. Vårt personale gjer dagleg ein viktig jobb med å fronta bebuarane med denne situasjonen og få vedkomande til å treffa valet om å returnera heim, skriv Saunes.
Hugsar ikkje sjølvskading
I rapporten fortel fleire av bebuarane ved Fagerli mottak at dei må gjere hærverk for å få legehjelp.
- Kommunen har hatt helseteneste stasjonert på mottaket, og den har vore open på dagtid. Det forundrar meg om folk som ønskjer det, ikkje har fått hjelp. Samstundes er det viktig å hugse på at bebuarane har vore i ein håplaus situasjon, og det ikkje alltid er lett å vite kva hjelp dei eigentleg etterspør, seier Bente Dalaker, regionsjef ved Hero som har drifta Fagerli ventemottak. Hallgeir Saunes opplyser at også Lier mottak har hatt kommunal helsestasjon.
Ifølgje UDI skal ikkje personar med psykiske problem plasserast på ventemottak. Rapporten omtalar fleire tilfelle av sjølvskading på mottaka. Bente Dalaker kan ikkje avkrefta at det har vore episodar med sjølvskading på Fagerli.
- Eg kjenner ikkje til einskildtilfelle, men veit at bebuarar har vore utagerande.
- Får ikkje du som regionleiar vite om det skjer sjølvskading på mottaket?
- Hero og UDI får rapportar om det som skjer. Det kan har komme fram slike episodar utan at eg kan sei at eg hugsar det akkurat no, seier Dalaker.
«Eksplosiv» stemning
I byrjinga av juli var det fleire episodar med opptøyar og brannstifting på ventemottaka i Lier og Fagerli.
- Eg var på ingen måte overraska over at det hende. Eg hadde ei kjensle av at det kunne eksplodera når som helst, seier Kari Helene Partapuoli.
Lier ventemottak vart brent ned til grunnen, med unntak av kvinneavdelinga. Den er i dag framleis i drift, og har rundt 10 bebuarar. Det er enno uvisst om resten av mottaket skal byggjast opp igjen. I dag er det ikkje drift på Fagerli, men UDI har konkrete planar om å setta ventemottaket i stand igjen. Før opptøyane starta, budde det rundt 230 personar ved ventemottaka, dei er no spreidd rundt på andre transittmottak.










