SV vil ha buplikt i Oslo for å få fleire bustadar på marknaden. Ei tvangstrøye, seier Høgre.

Vil ha buplikt i Oslo

Hastar: Omar Samy Gamal i Oslo SV er utolmodig etter løysingar som vil gje fleire og billegare bustadar i Oslo. Han vil tenkje kreativt og trur buplikt kan vere eitt bidrag. Foto: Tom Henning Bratlie

Det manglar ikkje på kriseoverskrifter om bustadmarknaden i byane og spesielt ikkje i Oslo. To av tre unge bustadkjøparar treng hjelp frå foreldra, leigeprisane har gått opp med nesten 30 prosent dei siste tre åra, ein singel sjukepleiar har råd til 2,4 prosent av bustadane i Oslo og å ha «hytte i byen» er ein veksande trend.

Politikk